Jærosten

Jærosten er ein upasteurisert, halvfast ost laga av fersk melk frå garden. 
Me ystar i koparkar, og kan laga 10 ostar om dagen. Kvar ost ligg og modnar på granplank frå 4 mnd opp til 12-14 mnd. Osten blir snudd, vaska og inspisert kvar tredje dag, så det blir lagt ned mykje tid og omsorg i kvar ost.

Torbjørn (eldstesonen) har overteke gardsdrifta, og han produserar elitemelk frå hovedsakelig Brown Swiss kyr. Fòret deira er framifrå Timoteigras, som i stor grad veks på sandjord frå gamal havbotn.

Ein heil Jærost veg godt 4kg.

Jærosten har spesialitetsmerke, og vann gull 3 gonger på rad ved landsutstillinga for gardsost. I 2007 fekk Jærosten hedersprisen "Årets gardsost". Den er godt kjend i restaurantbransjen og blir levert over heile landet. Jærosten tilhøyrer Raclette-familien, og har gode smelteeigenskaper, er god på brødet og kan brukast slik den er, saman med f.eks. pære eller drue.