Melkemottaket er eit unikt utleigelokale. Delar av lokalet er uendra frå den tida det var melkemottak her. Lokalet har eit litt røft industripreg, og passar godt for grupper frå 15 til 50 personar. Her er det arrangert dåp, konfirmasjon, bryllup, kurs, selskap, konsert og mykje meir.
Det er kjøkken og utstyr for å laga mat. Me har og fasilitetar for lyd, lys og bilete. Me har 5 runde bord (max 8 stolar rundt) og eit langbord. Det går greit å dekka til 50 stk. i hoveddelen. I delen som ligg to trinn høgare, er det ein sofakrok og bardisk.
Det kostar 3.500,- for å leiga lokalet inkludert gulvvask og vask av toalett.
Leigetakar ryddar/tar oppvask, og vaskar bord/benkar (kan ordnast mot tillegg i pris)
Hvis det er ledig, og du vil rigga klar dagen før, eller rydda opp neste dag kostar det 900,-/dag
Kvite dukar 75,-/stk (6 stk)
Me kan i nokre tilfelle laga mat til grupper på opptil 50 personar. Ta kontakt.
Ta gjerne turen innom for å sjå lokalet. Kontaktinfo finn du her.
Her kan du bla igjennom nokre bilete frå Melkemottaket: