Melkemottaket

Melkemottaket er eit unikt utleigelokale. Delar av lokalet er uendra frå den tida det var melkemottak her. Lokalet har eit litt røft industripreg, og passar godt for grupper frå 15 til 50 personar. Her er det arrangert dåp, konfirmasjon, bryllup, kurs, selskap, konsert og mykje meir.

Det er kjøkken og utstyr for å laga mat. Me har og fasilitetar for lyd, lys og bilete. Me har 5 runde bord (max 7 stolar rundt) og eit langbord. Det går greit å dekka til 44 stk. i hoveddelen. I den delen som ligg to trinn høgare, er det sofakrok og bardisk.

Det kostar 3.500,- for å leiga lokalet inkludert gulvvask og vask av toalett.

Me kan og laga mat til grupper på opptil 50 personar. Ta kontakt for prisar.

Ta gjerne turen innom for å sjå lokalet. Kontaktinfo finn du her.

Her kan du bla igjennom nokre bilete frå Melkemottaket: